Nytt tilbod i treningssenteret!

Aktiv på dag for vaksne/seniorar!
Startar 10.februar.Aktiv på dag for vaksne/seniorar er eit tilbod til deg som vil bli kjent i treningsstudioet og trene saman med andre. Ein står fritt til å trene det ein sjølv vil, her er og moglegheit for å betre både styrke, balanse og kondisjon. Tilsette frå Frisklivssentralen vil vere til stades for å rettleie dei som ønskjer det.

Frå 10.februar kan du møte i treningsstudioet i Fjalerhallen, kvar måndag frå 11:00-12:00. Tilbodet er ope og kostar kr. 30,-

For spørsmål kan du kontakte Kristin på tlf.: 47 61 68 69