PLASSEN ER BERGA!

Vi slo Skavøypoll 3-1 på Dingemoen fredag kveld og berga dermed plassen i 4.divisjon. No kan vi berre nyte dei to siste kampane og gle oss til å avgjere kven som rykker opp, all den tid vi no møter dei to opprykkskandidatane Florø 2 og Eid.Det starta dårleg med ei tidleg Skavøypoll-scoring, men heldigvis let vi oss ikkje knekke. Vi jobba oss tilbake i kampen og kunne gå til pause med 1-1 etter utlikning av Tommy.

Den same Tommy var kampens store spelar og like etter pause var han på ferde igjen og gav oss leiinga 2-1.

Kampen vart avgjort då Nickolai Macpherson på spektakulært vis sette inn 3-1. Nicko fekk ballen nokre meter inn på Skavøypoll sin halvdel. Han sette fart dribla 5-6 motspelarar inkludert keeper og sette ballen sikkert i mål.
Var dette tidenes scoring på Dingemoen? Det kan i alle fall ikkje vere langt unna.

Med denne sigeren er no plassen 100% sikra. Dette var sesongens store målsetjing og når den er er nådd to runder før slutt har vi all grunn til å vere fornøgde.

Dagens Dale-spelar:    Tommy Holm

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Skavøypoll 3-1 (1-1)
Dingemoen idrettspark
ca. 100 tilskodarar

Mål:
0-1   9 min. Håvard Hagen
1-1 45 min. Tommy Holm
2-1 52 min. Tommy Holm 
3-1 68 min. Nickolai Macpherson

Gule kort: Eirik Systaddal, Kennet Vik, Dale og Asle Eldevik, Øyvind Gangsø, Marius Henriksen, Skavøypoll

Dommar: Karl Inge Wolff, Hyllestad

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Kennet Vik, Richard Skår, Eirik Systaddal, Kim Frode Solheim, Idar Haugen Rochlenge, Henrik Kummeneje, Kees Erstad, Nickolai Macpherson, Tommy Holm, Ole Petter Mundal

På benken:
Norodd Myklebust. Martin Tonning (for Henrik i 41. min), Einar Aase (for Idar i 66. min), Jan-Anders T. Wichstrøm (for Kennet i 76. min), Sander E. Dyrstad (for Ole Petter i 85.min), Bendik Vik