Resultat frå helgas handballkampar i Fjalerhallen

Laurdag den 12.11 var det spelt 6 kampar i Fjalerhallen – med stor spenvidde frå dei yngste gutane på 10 som spelte sine fyrste kampar til dei noko meir erfarne jentene på damelaget.Fyrst ute var J14 som slo Førde 2 15-8. Jentene har spelt 7 kampar og ligg på toppen av tabellen i lag med Haugen (som spelar med dispensasjon). Her blir det spelt enkel serie fram til jul og inndeling i 1. og 2. divisjon etter nyttår. Det betyr at dei fem beste går vidare til 1. divisjon.

Neste lag ut var J10 som slo Høyang. For dei minste laga blir det ikkje spelt serie. Her er det viktigast å få til godt spel og god forståing for handballspelet.

Etter J10 spelte J12 som har komt sterkt tilbake etter ein tøff førstekamp mot Høyang. Jentene møtte Florø 2 og spelte uavgjort 6-6.

Gutar 10 møtte i sine debutkampar noko meir erfarene spelarar frå Sandane og Sandane 2. Sjølv med tap var det ingen ting å sei på innsatsen og innimellom fekk vi sjå glimt av godt spel. Det blir spennande å fylgje desse vidare framover.

Damelaget som er ubeseira så langt i sesongen møtte sterkare motstand enn venta ifrå gjestane frå Florø. Det var først godt ut i andre omgang at Dale-jentene klarde å tileigne seg eit overtak og til slutt siger med 29-27.