Resultat – handballkampar 22.1.11

God innsats og i periodar godt spel prega helgas kampar i Fjalerhallen.I Fjalerhallen møtte herrane Førde. Grunna KM i fotball og ein redusert spelarstall (8 spelarar herav 2 frå UWC), var det ikkje stilt store forvetningar til noko resultat. I kampane før jul, holdt laget stort sett følgje med motstandarane i første omgang. Utan fast målvakt (gjekk på omgang) var det noko variabelt keeperspel som må ta skulda for at Førde leia 23-12 ved pause. Etter pause varta Einar opp med godt keeperspel samtidig som ein lykkast i angrep og midtveis i omgangen var avstanden til Førde nede i fem mål. Sluttresultatet vart 39-28 til Førde, dvs. uavgjort i andre omgang og godkjent.
Desse var med (mål i parantes.):
Agnar Ullebø, Einar C. Berg, Henrik Høberg (7), Per Kirkbakk (3), Harald Ness (3), Axel Bjerke (1) , Sturle Sandvik (4), Jonny Pedersen (10)

J13 som har vunne alle sine kampar så langt i år, møtte Høyanger og vant 21-1.
Desse var med (mål i parantes):
Martine Håland (2), Astrid Solheim, Sara Dyrstad (2), Tuva Garre Fivelsdal (3), Ota Garre Fivelsdal (10), Jeanette Øksenberg (3), Åsta Johanne Sætenes, Kjersti Hovland (1), Margrethe Haugen, Ronja Helle  

J11 spelte ein god kamp og holdt følgje med Førde heilt fram til dei siste minuttane av kampen. Resultat 11-9 til Førde.
Desse var med:
Sandra Engen, Hanne Ulvik, Johanne Haugsbø, Cecilie Jamne, Jannike Solheim, Mia Myklebust, Marina Hjartholm, Elise Hovland, Amalie Dale, Emilie Hjartholm

J14 hadde bortekamp mot Fjellaug Vereide og vant denne med 19-15.

For resultat og tabellar, sjå:
https://dingemoen.no/index.php?name=Handball/Resultat_og_tabellar.html