Så er den endeleg komt …

Tenker vi på våren? Nei – fotballsesongen:)

Årets første kamp vart spelt fredag kveld på kunstgraset på Dingemoen.På ei vinterslitt kunstgrasbane tok småjentene (J13/14) imot Tambarskjelvar 2 til kamp. Spente jenter som aldri har spelt ilag før gjennomførte ein god kamp. Til pause var stillinga 1-1 men sluttresultatet vart 5-1 til Dale etter ei god andre omgang.

På Dale spelte Hanne, Johanne, Ann-Katrin, Margrethe, Ronja, Tuva, Kjersti, Kjerstin, Jeanette og Ota.

Lørdag er det treningskamp mellom Dale2 og Hyllestad kl14.
Mandag treningskamp for damer mellom Dale og Krabbetor kl 15 før
4. divisjon starter mandag kveld borte mot Førde 2.

Vi gler oss til ein ny sesong !