Seier og uavgjort for jenter 15/16

Jentene våre står på om dagen, og har vore i Indre Sogn og spelt to kampar det siste døgnet. Fredag kveld var vi i Årdal og vann 6-2. Mål av kristin(2), ine (2), lisa og ingrid. Laurdag fortsette vi til Vik der det til slutt enda 4-4. Mål av ingvild(2) og lisa(2).

I begge kampane kom vi under med 0-2 ganske tidleg, og det gjorde at vi verkeleg måtte ta oss sjølv i nakken for å komme attende . I Årdal var vi klart best og trykte på gjennom heile kampen, likevel var det heimelaget som leia 2-1 til pause. I 2.omg storspelte Dale og gav seg ikkje før det stod 6-2. Mange flotte mål, spesielt vil eg nemne Kristin som hadde eit langskot som sat klistra i krysset.


Etter at vi hadde overnatta i Lærdal var det kamp mot Vik på laurdagen. Kampen gjekk på ei god grusbane, men det var likevel tydeleg at underlaget skapte vanskar for oss, ballen spratt ikkje heilt slik vi er vande med og vi vart usikre. Bedre vart det ikkje av at Vik var gode og scora to kjappe må i starten av kampen. Også her låg vi under 2-1 til pause, og 2.omg vart vår beste omgang. Kampen enda 4-4, som er heilt greit for oss på ein dårleg dag. Faktisk var Vik nærast sigeren med skot både i stanga og tverrliggaren.


Desse jentene var med: Sandra Brattelid, Gina Garre Fivelsdal, Rebekka Ullebø, Lisa Lykkebø, Ingrid Hovland, Ine Osland samt søstrene Ingvild og Kristin Solås frå Hyllestad.