SIGER I SERIEOPNINGA

Vi fekk den opninga vi ville ha og ikkje minst trengde i årets 4.divisjon og slo Balestrand 2-0 på Dingemoen fredag kveld. Etter ei jamn og nervøs opning fekk vi etterkvart roa nervane og vann fullt fortent.Med tanke på oppladninga til denne sesongen, med elendige treningsforhold og plass i 4.div ein månad før seriestart, må vi vere førebudde på at dette blir ein tøff sesong. Difor var det utruleg viktig å vinne denne kampe både for å få spelt på oss sjølvtillit, men også utfrå det faktum at Balestrand er eit av dei laga vi truleg må ha bak oss for å berge plassen.

Kampen sett under eit vann vi fortent og sigeren burde ha vore større. I starten var det nervøst og eit par gonger var det berre våkent keeperspel frå Håkon som berga oss frå baklengs. Det roa seg heldigvis då vi scora første målet. Derifrå og ut hadde vi full kontroll og burde vunne meir. Berre Tommy åleine hadde minst 5 store sjansar utan å få utteljing.

Elles var dette truleg den dårlegast besøkte serieopninga på Dingemoen gjennom tidende, men gjennom gode resultat og betre marknadsføring håpar vi å komme opp igjen på godt, gammalt Dingemoen-nivå allereie til neste heimekamp!

Dagens Dale-spelar:    EInar Aase

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Balestrand 2-0 (2-0)
Dingemoen idrettspark
ca 60 tilskodarar

Mål:
1-0 38 min. Nickolai Macpherson
2-0 43 min. Jan-Anders Tonning Wichstrøm

Gule kort: Kennet Vik, Eirik Systaddal og Kim Frode Solheim, Dale

Dommar: Asbjørn Grinde Håre, Fjøra

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Kennet Vik, Vegard Vesterås, Eirik Systaddal, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Asjab Muskadzjijev, Nickolai Macpherson, Jan-Anders T. Wichstrøm, Tommy Holm

På benken:
Norodd Myklebust, Kristian Aase (for Asjab i 66. min), Jostein Vagstad (for Jan Anders i 85. min), Bendik Vik (for Einar i 88. min), Magne Hillersøy, Richard Skår