SIGER I SERIEPREMIERA

A-laget fekk den starten vi håpa på og kunne reise heim frå Førde med 3 poeng mot Førde 2. 3-2 vart det etter nokre spennande sluttminutt.Då vi gjekk opp til 1-0 vart målscorar Simen Stølen historisk i Dale-fotballen. Med sine 14 år og 303 dagar vart han den yngste målscorar på seniornivå i klubbhistoria.

Dette vart aldri noko god premiere spelemessig. Ein jamn 1.omgang enda med knapp leiing til oss ved pause.
Vi fekk ein pangstart på 2.omgang og gjekk opp i 2-0 etter eit knapt minutt. Utover i omgangen hadde vi god kontroll spelemessig og då Runar sette inn 3-0 såg dette ut til å bli komfortabelt.

Ei redusering frå Førde si side var det som skulle til for å setje fyr på kampen igjen. Med vårt urutinerte mannskap var det tydeleg at panikken breidde seg då Førde scora. Vi gav frå oss initiativet i kampen og vart trykte bakover, og då dei reduserte til 2-3 frykta vi at sigeren skulle glippe. På overtid fekk Førde to store sjansar, men heldigvis slapp vi med skrekken og kunne juble over tre poeng.

Stor honnør til våre tre unge seriedebutantar (Simen, Christopher og Kristian) for solid innsats.
Også honnør til dei mange fjalerbuane som hadde teke turen til Førde og var med å laga ei flott ramme rundt kampen.

Kampfakta, 4.divisjon

Førde 2 – Dale 2-3 (0-1)
Førde stadion kunstgras
ca. 200 tilskodarar

Mål:
0-1 28 min. Simen Stølen
0-2 46 min. Einar Aase
0-3 57 min. Runar Aune
1-3 74 min. Ørjan Vikum
2-3 86 min. Øyvind Bolstad Blikra

Dommar: Ragnar Åmot, Jølster

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Christopher Skadal, Alexander Myklebust, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Kristian Ask, Einar Aase, Simen Stølen Vegard Dyrstad

På benken:
Vegard Ulvik, Magne Hillersøy (for Vegard i 60. min), Martin Myklebust (for Simen i 85. min), Asjab Muskadzjijev (for Einar i 90. min), Henrik Kummeneje, Jan-Anders Tonning Wichstrøm