SIGER MOT HØYANG I SVAK KAMP

A-laget leverte ingen stor førestilling i Høyanger, men det var likevel nok til å vinne fortent 2-0 mot eit svakt Høyang-lag.
1.omgang forbigår vi i stillheit. Den var rett og slett så elendig frå begge lag si side at det var ein rein lidelse å sjå på.Ein alvorleg prat og eit par endringar i pausen gjorde susen. I første halvdel av 2. omgang opptredde vi med ein heilt anna aggresivitet og presisjon i spelet enn før pause, og vi tok heilt fortent leiinga. I denne perioden burde vi ha scora fleire mål og punktert kampen.
I staden fall vi ned nokre hakk mot slutten, men utan at sigeren på nokon måte var trua. Siste spikeren i Høyang-kista fekk innbyttar Jan-Anders Tonning Wichstrøm æra av å sette då han sette inn 2-0 knappe 10 minutt før slutt.

Alt i alt ein fullt fortent siger, men i prestasjon må vi opp på eit heilt anna nivå dersom vi skal halde fram den gode poengfangsten.

Med denne sigeren er vi no med heilt oppe i teten av det som ser ut som ein jamn divisjon. No står vanskelege kampar mot Veitastrond (heime) og Vik (borte) for tur, og her vil vi nok få ein grei peikepinn på om vi er stabile nok til å henge med i toppen av årets 4.divisjon.

Kampfakta, 4.divisjon

Høyang – Dale 0-2 (0-0)
Sletta

Mål:
0-1 50 min. Vegard Dyrstad
0-2 82 min. Jan-Anders Tonning Wichstrøm

Gult kort: Edin Agovic, Høyang

Lagoppstilling:
Vegard Ulvik, Christopher Skadal, Martin Tonning, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Vegard Dyrstad, Simen Stølen, Kennet Vik

På benken:
Kristian Ask (for Einar i 46. min), Jan-Anders Tonning Wichstrøm (for Simen i 46. min), Magne Hillersøy (for Kennet i 77. min), Henrik Kummeneje (for Kristoffer i 84. min), Asjab Muskadzjijev