SIGER MOT KAUPANGER I SPENNANDE OG GOD KAMP

Publikum fekk oppleve både spenning, god fotball og flotte mål då vi slo Kaupanger 3-2 på Dingemoen fredag kveld. Magne vart matchvinnar då han avslutta eit vakkert angrep med ei nydeleg stupheading 5 minutt før slutt.Utfrå spel og sjansar meiner vi sigeren var fortent, men det var ein tett og spennande kamp som levde heile vegen.
Vi tok leiinga etter ein knapp halvtime etter ein flott enkeltmannsprestasjon av Simen. Desverre  feira vi litt for lenge og let Kaupanger enkelt utlikne minuttet etterpå.

Omlag eit kvarter ut i 2.omgang går vi nok ein gong opp i leiinga då Geir avsluttar eit praktfullt angrep med ei knallhard og presis avslutning vinkelen.
Heller ikkje denne gongen greidde vi å halde på leiinga og Kaupanger sin gode spiss Kristian Fardal Opseth utnyttar passivt forsvarsspel og set inn 2-2 eit dryg kvarter før slutt.
Nokre vellukka bytte der vi fekk inn litt pondus og rutine skulle vise seg å avgjere kampen. 5 minutt før slutt rulla vi opp eit nydeleg angrep der 3 av innbyttarane var involverte. Etter flotte kombinasjonar enda ballen ute på kanten hos Stian som la presist inn framfor der Magne kom flygande og stupehada ballen i mål.
Det skulle vise seg å bli ei perfekt avslutning på ein kjekk fotballkveld på Dingemoen.
All honnør til samtlege spelarar for glimrande innsats!

Dagens Dale-spelar:    Geir Loneland

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Kaupanger 3-2 (1-1)
Dingemoen stadion
130 tilskodarar

Mål:
1-0 27 min. Simen Stølen
1-1 28 min. Kristian Opseth
2-1 59 min. Geir Loneland
2-2 73 min. Kristian Opseth
3-2 85 min. Magne Hillersøy

Gule kort: Vegard Dyrstad, Alexander Myklebust, Eirik Svorstøl, Stian Neset, Dale og Ole Einar Rebni, Kaupanger

Dommar: Robert Endestad, Tempo

Lagoppstilling:
Tommy Holm, Geir Loneland, Alexander Myklebust, Eirik Svorstøl, Martin Myklebust, Idar Haugen Rochlenge, Vegard Dyrstad, Martin Tonning, Einar Aase, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Simen Stølen

På benken:
Vegard Ulvik, Runar Aune (for Einar i 51. min), Magne Hillersøy (for Simen i 71. min), Stian Neset (for Jan-Anders i 82. min), Kristian Aase (for Martin i 82. min), Kristoffer Rogne, Christopher Skadal, Vegard Vesterås, Joakim Rakneberg