Smågutelaget med tomålssiger

Måndag kveld, 30. august, vann Dale sine smågutar 4-2 over Florø 2 i Florø. I første omgang pressa Florø Dale på defensiven, og gjekk i leiiange midtvegs i omgangen.

Dale hadde fleire sjansar – utan å skåre – ikkje før heilt på tampen av omgangen.  Då fekk Dale corner, og Simen Stølen skåra på ei nydeleg heading – nesten i krysset. 


I andre omgang tok Dale-gutane meir over banespelet, og fekk straffespark då Bendik Vik blei felt.  Simen Stølen skåra frå 11-meteren.  Florø fekk også mål på straffespark like etter – og utligna Dale si leiing.


Men Dale-spelarane halte i land sigeren etter to kjappe mål av Simen Stølen og Sander Dyrstad.


Dale stilte med desse spelarane:  Øyvind Einen, Jarle Ness, Vegard Vesterås, Christopher Skadal, Erlend Strand, Bendik Vik, Henrik Kummeneje, Simen Stølen, Sander Dyrstad, Sigbjørn Skogly, Tommy Flekke, Sander Solheim, Aksel Strand og Stig Hellebust.