Solid innsats i Førde Cup – handball

J13 og J14 imponerte med å vinne sine klassar. J16 og Damene vart nummer 3 med å vinne bronsefinalen. Herrelaget – gjennomført ein godkjent debut.Laurdag og søndag (4. – 5.9) har det vore gjennomført Førde cup med lag frå Sogn og Fjordane og Hordaland.

Dale hadde med 6 lag. 

J11 som ikkje spelte sluttspel viste fin framgang samanlikna med fjoråret. 

J13 slo Lindås i semifinalen og Førde 1 i finalen med 7-5.

J14 slo Førde 1 i semifinalen og Stryn i finalen med 7-6.

J16 vart nummer 3 ved å slå Gloppen med 5-4 i bronsefinalen.

Damen vart nummer 3 ved å slå FørdeOldGirls 9-7 i bronsefinalen.

Herrelaget som debuterte (Dale har aldri tidlegare hatt herrelag i handball) med å tape 14-7 mot Førde og 13-5 mot Florø. Tatt i betrakning at fleire av spelarane ikkje har spelt handball før og våre samla i eit par gonger før turneringa må dette kunne seiast å vere godkjent 🙂