STERK DALE 2-SIGER

Dale 2 slo til med ein sterk bortesiger då dei slo Jølster 2 3-1 på Skei tysdag kveld. Stillinga ved pause var 2-1. Måla våre vart scora av Einar Aase (2) og Jan-Anders Tonning Wichstrøm.

Spelande trenar Cato Ness rapporterer om stor innsats frå samtlege og er også godt nøgd med det spelemessige i periodar.


Det er også verdt å merke seg at vi brukte 4 gutespelarar (Einar Ashab, Martin og Stuart) i dag, og av desse fekk Stuart sin debut i seniorsamanheng.


Lagoppstilling:


Aloman Ioan, Geir Loneland, Geir Harald Langeland, Cato Ness, Martin Myklebust, Hugo Fretland, Ashab Muskadzjijev, Einar Aase, Harald Ness, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Joakim Rakneberg


Innbyttarar:


Vegard Ulvik (ikkje nytta), Tim Andrè Folkestad, Kristoffer Hatlevik, Stuart Robertson