STERK SIGER MOT FØRDE 2

Vi tok ein sterk heimesiger og klatra heilt opp på 7.plass då vi slo Førde 2 4-2 på Dingemoen søndag ettermiddag.
Med dette resultatet klatra vi heilt opp på 7. plass på tabellen og begynne etterkvart å få ei lita luke ned til nedrykksplass.

Kommande fredag kjem Sogndal 3 til Dingemoen og med siger i den kampen vil vi ta eit langt steg mot ny kontrakt i divisjonen.

Det vart ein underhaldande kamp mot Førde. I 1.omgang bølgja spelet fram og tilbake og begge lag hadde sine sjansar utover scoringane.
For vår del var det litt frustrerande å sjå Førde utlikne rett før pause og like etter at vi hadde snudd kampen.

Etter pause heldt kampen fram i same spor, men heldigvis var det vi som greidde å avgjere til vår fordel med to scoringar i siste halvdel av omgangen.

Dagens Dale-spelar:     Kees Erstad

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Førde 2 4-2 (2-2)
Dingemoen idrettspark
ca. 100 tilskodarar

Mål:
0-1 21 min. Sondre Kyte
1-1 36 min. Jan-Anders T. Wichstrøm
2-1 44 min. Jan-Anders T. Wichstrøm
2-2 45 min. Thor Jørgen Spurkeland
3-2 74 min. Tommy Holm
4-2 77 min. Kees Erstad

Gule kort: Kennet Vik, Dale og Niklas Helgheim, Førde

Dommar: Bjørn Egil Sunde, Anga

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Richard Skår, Martin Tonning, Eirik Systaddal, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne. Einar Aase, Kees Erstad, Tommy Holm, Jan-Anders T. Wichstrøm, Ole Petter Mundal

På benken:
Norodd Myklebust,, Kennet Vik (for Richard i 46. min), Idar Haugen Rochlenge (for Einar i 60 min), Kristian Aase (for Kristoffer i 75. min), Sander E. Dyrstad (for Ole Petter i 90. min), Vegar Kjos, Henrik Kummeneje