STERK UAVGJORT I VIK

A-laget leverte ei solid forestilling i toppkampen mot Vik og kunne reise heim med eit fortent poeng. 2-2 vart det i ein fartsfyllt og spennande kamp, der vi bomma på straffe på stillinga 2-1 til Vik.Vi traff blink med taktikken vår og greidde å frustrere eit Vik-lag som ikkje hadde sleppt inn mål på dei siste fem kampane.
Allereie etter 4 minutt tok vi leiinga på eit praktmål av Vegard, men desverre utlikna Vik kjapt på eit sjølvmål som garantert hadde blitt ein You Tube-hit dersom det var blitt filma.

Vi let oss ikkje knekke av denne baksmellen og heldt godt følgje med Vik ut omgangen.
I pausen var trua sterk på at dette skulle gå vegen, men vi måtte likevel sjå at Vik tok leiinga eit knapt kvarter ut i omgangen.
Kampen stod no og vippa med store sjansar til begge lag. I denne perioden fekk vi også straffespark, men Vik-keeper Hovland redda skotet frå Vegard.
Vik stod høgt med laget og såg ut som dei ville jage det avgjerande 3-1 målet. og det gav oss store muligheiter på overgangar. Desverre enda desse i mange offside-avblåsingar, men eit par kjempesjansar vart det også.
Mot slutten av kampen sette vi inn Jan-Anders og det viste seg å vere eit sjakktrekk. Han hadde berre vore på bana nokre sekund då han sette ballen kaldt og roleg i mål berre 7 minutt før slutt.
Dermed ebba kampen ut med 2-2. Eit resultat som vel var rettferdig utfrå spel og sjansar, men samstundes kunne vi fort ha vunne denne kampen.
Vi seier oss nøgde med eit poeng i ein av dei vanskelegaste bortekampane for sesongen, og rosar spelarane for lojalitet mot speleplanen og knallhard jobbing.
Etter ein så god kollektiv innsats er det kanskje ikkje rett å dra fram enkeltspelarar, men vi vel likevel å gje ein ekstra honnør til Tor Ivar og Vegard denne gongen.

Kampfakta, 4.divisjon

Vik – Dale 2-2 (1-1)
Vik stadion
ca. 200 tilskodarar

Mål:
0-1  4 min. Vegard Dyrstad
1-1  7 min. sjølvmål
2-1 58 min. Øystein Myrkaskog
2-2 83 min. Jan-Anders Tonning Wichstrøm

Gule kort: Kennet Vik og Vegard Dyrstad, Dale, og eit par til Vik…

Dommar: Inge Seglem, Årdalstangen

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Martin Tonning, Geir Loneland, Eirik Svorstøl, Christopher Skadal, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Kristian Ask, Alexander Myklebust, Vegard Dyrstad, Kennet Vik

På benken:
Magne Hillersøy (for Kristoffer i 66. min), Jan-Anders Tonning Wichstrøm (for Eirik i 83 min.), Einar Aase (for Kennet i 85. min), Kristian Aase (for Kristian A. i 88. min.)