STERKT BORTEPOENG MOT EID

A-laget avslutta vårsesongen med eit sterkt bortepoeng mot topplaget Eid på Eid stadion onsdag kveld. 1-1 vart sluttresultatet etter at vi leia 1-0 til pause.Dette vart ein litt merkeleg kamp. Dei første 70 min var heimelaget det førande laget og hadde ballen mest, men utan å skape så mange store sjansar. Mot slutten tok vi over og hadde ikkje mindre enn tre ballar i stolpe/tverrliggar og i tillegg ein kjempesjanse ved Nicko på overtid.
Kampen sett under eit var uavgjort eit greit resultat, men samstundes var vi svært nær full pott.

Uansett var dette ein opptur etter den begredelege kampen mot Florø 2 sist veke, og gjorde godt for sjølvtilliten i laget. No ventar ei veke ferie før vi tek fatt på oppkøyringa til haustsesongen.

Kampfakta. 4.divisjon:

Eid – Dale 1-1 (0-1)
Eid stadion
ca 100 tilskodarar

Mål:
0-1   9 min. Nickolai MacPherson
1-1 51 min. Anders Midthjell

Gult kort: Sander E. Dyrstad, Dale

Dommar: Robert Endestad, Tempo

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Alexander Myklebust, Geir Loneland, Eirik Systaddal, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Martin Tonning, Nickolai MacPherson, Sander E. Dyrstad, Jan-Anders T. Wichstrøm

På benken:
Norodd Myklebust, Tommy Holm (i 53. min for Sander), Idar Haugen Rochlenge (i 65. min for Geir), Vegar Kjos, Kristian Aase, Vegard Vesterås.