STOR UNDERHALDNING OG UAVGJORT MOT SOGNDAL 2

Sjølv med både 0-2 og 1-3 imot viste vi høg moral og kom attende og sikra oss eit viktig poeng mot Sogndal 2 på Dingemoen måndag kveld.

Eit entusiastisk heimepublikum fekk oppleve eit fyrverkeri av ein kamp der det bølga fram og tilbake heile tida med store sjansar til begge lag.


Sogndal kunne gå til pause med ei noko flatterande leiing etter to frisparkmål frå bana sin beste spelar, Ørjan Hopen. Heldigvis fekk vi den viktige reduseringa før pause på ei flott heading frå Martin.


I store periodar i 1.omgang spelte vi feiande flott fotball og kunne med litt meir nøyaktigheit i dei siste trekka har scora meir enn det eine målet.


2.omgang starta sløvt for vår del. Sogndal gjekk rett i angrep og hadde ein kjempesjanse. Nokre minutt seinare fekk dei uttelling då Tommy Øren sende dei opp i 3-1. Akkurat då frykta dei fleste at kampen var avgjort.


Vi let oss heldigvis ikkje knekke, men kjempa oss inn igjen i kampen på ein måte det står respekt av. Scoringar av Kristian og Kennet sørga for utlikning ganske kjapt. Derifrå og ut kan vel det som skjedde omtalast som rein Hawai-fotball. Begge laga angreip utan reservasjonar og det bølga fram og tilbake med store sjansar.


Mot slutten av kampen hadde Sogndal nokre gigantiske muligheiter og vi skal vel såleis vere glad for det eine poenget. Samstundes var det kampen sett under eit ingenting å sei på at innsatsen vår vart belønna med uavgjort.


All honnør til samtlege spelarar i dag. Dei la ned ein kjempeinnsats og skapte ein kamp med eit underhaldningsnivå som må vere noko av det likaste som er servert på Dingemoen.


Også honnør til eit entusiastisk heimepublikum som var med og laga ei flott ramme rundt kampen.


Dagens Dale-spelar:    Idar Haugen Rochlenge


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Sogndal 2 3-3 (1-2)


Dingemoen stadion


170 tilskodarar


Mål:


0-1 12 min. Ørjan Hopen


0-2 14 min. Ørjan Hopen


1-2 25 min. Martin Tonning


1-3 52 min. Tommy Øren


2-3 55 min. Kristian Aase (str)


3-3 63 min. Kennet Vik


Gule kort: Eirik Systaddal og Gaute Lundeland, Dale


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Idar Haugen Rochlenge, Erlend Osland, Gaute Lundeland, Eirik Systaddal, Vegard Dyrstad, Martin Tonning, Alexander Myklebust, Kristian Aase, Einar Furset


På benken:


Aloman Ioan, Kennet Vik (for Martin i 62. min), Anders Furset (for Alexander i 72. min), Tommy Holm (for Einar i 77. min), Stian Neset (for Kristian i 85. min), Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Einar Aase