STORSIGER MOT BALESTRAND

Vi fekk ein pangstart på haustsesongen då vi knuste Balestrand heile 7-1 på bortebane tysdag kveld.
Etter 2-0 ved pause etter ein relativt jamn omgang feia vi over heimelaget i 2.omgang og gav oss ikkje før det stod 7-1.Dette var kamp 1 av 4 på 11 dagar no på starten av haustsesongen, og heldigvis var denne kampen såpass tidleg avgjort at vi kunne gjere nokre tidlege bytte for å spare beina til enkelte spelarar på ei håplaus kunstgrasbane.

No ventar Fjøra på Dingemoen førstkommande fredag. Det blir nok ei ganske mykje tøffare oppgåve, men samstundes skal vi vere kapable til å ta poeng frå kven som helst i denne divisjonen.
 
Kampfakta, 4.divisjon

Balestrand – Dale 1-7 (0-2)
Kreklingen stadion

Mål:
0-1   4 min. Ole Petter Mundal
0-2 45 min. Eirik Systaddal
0-3 54 min. Henrik Kummeneje
0-4 59 min. Kees Erstad
0-5 64 min. Jan-Anders T. Wichstrøm
0-6 67 min. Kristoffer Rogne
0-7 78 min. Einar Aase
1-7 84 min. Birk Isane

Gult kort: Espen Midttun, Balestrand

Dommar: Rune Haugland, Haugen

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Alexander Myklebust, Martin Tonning, Eirik Systaddal, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Henrik Kummeneje, Kees Erstad, Einar Aase, Jan-Anders T. Wichstrøm, Ole Petter Mundal

På benken:
Norodd Myklebust (for Håkon i 79. min), Idar Haugen Rochlenge (for Ole Petter i 61. min), Geir Loneland (for Alexander i 61. min), Tommy Holm (for Henrik i 69. min), Kristian Aase (for Einar i 79. min), Sander E. Dyrstad