STORSIGER MOT LÆRDAL

Det vart storsiger 6-0 mot Lærdal på kunstgraset på Dingemoen laurdag ettermiddag. Som resultatet tilseier var dette einvegskøyring frå start til mål.
Vi skapte meir enn nok sjansar til å ha kunne vunne med tosifra.Lærdal la seg som venta langt bak på bana og normalt har vi ofte hatt problem med å finne ut av ein slik taktikk, men ikkje denne gongen.
Kombinasjonen av eit Lærdal-lag som ikkje skremde nokon og det at vi verkeleg fekk spelet til å gli gjorde kampen særs sjåverdig for heimepublikum.
Vi rulla opp angrep etter angrep og skapte store sjansar som fort kunne resultert i fleire enn dei 6 måla vi putta. Også fleire av måla var uvanleg flotte til å vere på dette nivået. Simen sine to scoringar og Jan-Anders som sende Lærdal-stopparen nesten i pølsebua før han putta, var åleine verdt inngangsbilletten.

Spelarane fortener honnør for førestillinga på laurdag. Sjølv om kampen var avgjort tidleg så stod vi på og heldt oppe trøkket heile kampen gjennom.

Dagens Dale-spelar:     Simen Stølen

Kampfakta, 4. divisjon

Dale – Lærdal 6-0 (2-0)
Dingemoen idrettspark
ca. 150 tilskodarar

Mål:
1-0 24 min. Kennet Vik
2-0 39 min. Vegard Dyrstad
3-0 54 min. Simen Stølen
4-0 64 min. Jan-Anders Tonning Wichstrøm
5-0 76 min. Simen Stølen
6-0 82 min. Jostein Vagstad

Ingen kort

Dommar: Jarle Andersen, Syril

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Martin Tonning, Geir Loneland, Christopher Skadal, Eirik Svorstøl, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Simen Stølen, Vegard Dyrstad, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Kennet Vik

På benken:
Vegard Ulvik (for Tor Ivar i 73. min), Einar Aase (for Kristoffer i 68. min), Alexander Myklebust (for Kennet i 68. min), Kristian Aase (for Christopher i 76. min), Jostein Vagstad (for Runar i 80. min), Kristian Ask