STORSIGER MOT SYRIL

A-laget var overlegne mot botnlaget Syril og gav seg ikkje før tavla på Dingemoen viste 8-0 i fredagens 4.divisjonskamp.
Ei tidleg scoring roa nervane og deretter var det einvegskøyring.Syril hadde ikkje ein einaste klar målsjanse i løpet av kampen og det seier vel sitt om kvifor dei ligg desidert sist på tabellen.
Likevel vil vi gje ros til systrendingane som har hatt ein tung suksess. Dei stod på og jobba kampen gjennom, og let ikkje frustrasjonen over eigne prestasjonar ta overhand. 

Mot ein såpass svak motstandar fekk vi tid og rom til å varte opp med feiande flott angrepsfotball. Spesielt i 2.omgang fekk publikum sjå det eine praktangrepet etter det andre, og resultatet kunne fort blitt tosifra. 

Dagens Dale-spelar:    Einar Aase

Kampfakta, 4.divisjon
Dale – Syril 8-0 (3-0)
Dingemoen idrettspark

Mål:
1-0 11 min. Jan-Anders Tonning Wichstrøm
2-0 23 min. Henrik Kummeneje
3-0 41 min. Martin Tonning
4-0 51 min. Henrik Kummeneje
5-0 54 min. Einar Aase
6-0 86 min. Joakim Rakneberg
7-0 89 min. Joakim Rakneberg
8-0 90 min. Magne Hillersøy

Ingen gule kort.

Dommar: Ragnar Åmot, Jølster

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust, Idar Haugen Rochlenge, Geir Loneland, Eirik Svorstøl, Kristian Aase, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Martin Tonning, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Stian Neset

På benken:
Vegard Ulvik (for Tor Ivar i 71. min), Magne Hillersøy (for Stian i 60. min), Simen Stølen (for Jan-Anders i 60. min), Kristian Ask (for Henrik i 66. min), Joakim Rakneberg (for Martin i 71. min), Christopher Skadal, Asjab Muskadzjijev