STORSIGER TIL DAMENE

Det vart siger 1-5 for damelaget til Dale mot AHIL fredag kveld. Kampen vart spelt på den flotte kunstgrasbana ved Askvoll Skule i eit fantastisk vårvèr.

Dette vart ein spesiell kamp på fleire måtar. Blant anna kunne AHIL på sine heimesider melde at dette var den første obligatoriske damekampen nokon sinne i AHIL si historie. Og kva er vel betre enn å møte nettopp erkerival Dale i ein slik kamp som dette? I tillegg til dette var heile fem(!) dame-spelarar på Dale tidlegare AHIL-spelarar. Desse var Aina V. Heggøy, Isabel L. Iversen, Kine G. Tangedal, Vilde H. Løland og Siri T. Noreide. Dermed låg alt til rette for ein intens, spanande og jamn fotballkamp denne kvelden mellom mange lovande fotballspelarar frå Dalsfjordområdet.



Kampen starta for begge lag med lange ballar, tøffe duellar og ei solid jobbing. Etterkvart fekk Dale-damene roa nervene og finspelet byrja å syne seg slik som trenar Hugo Fretland likar det. Dale tok leiinga 0-1 tidleg i første omgang ved Lisa Lykkebø og hadde fått den starten dei ville ha i denne kampen. Utover i omgangen rulla damene opp angrep etter angrep, men avslutningane stod ikkje heilt i stil med spelet. AHIL var òg frampå ved fleire høve, men med ein oppofrande kaptein(Malin Vik), ein solid forsvarsduo i Amalie Haugsbø og Siri T. Noreide og ein god Sandra Brattelid i mål, vart det berre nesten for AHIL-damene. Dale tok meir og meir over kampen og gjekk opp i ei 0-2 leiing ved Ine Osland og ikkje lenge etter kunne Sandra Sørebø putte 0-3 i målet bak AHIL sin keeper. Dale kunne dermed gå til pause med 3-0 i bagasjen. Ein flott 1.omgang av damene!



I 2.omgang fekk AHIL den viktige 1-3 reduseringa som gjorde at det framleis var håp om poeng i denne kampen, men som i 1.omgang sto forsvaret med Siri T. Noreide i spissen fram og avverga det som var av sjansar frå AHIL. Det kunne verkeleg ha vorte spenning i kampen då AHIL var nær ved å redusere til 2-3, men Karina Hugøy avverga ballen på streken. Etterkvart byrja lufta å gå ut av ballongen for AHIL og Dale gjekk opp til 1-4 ved ei praktfull scoring av Aina V. Heggøy. Aina fekk ballen på hjørnet av 7-meteren og klistra ballen heilt oppe ved krysset. Ei fantastisk scoring av Aina mot gamleklubben! Til slutt fekk Malin Vik si velfortjente scoring då ho på flott vis klinka ballen nede til høgre for keeper og fastsette sluttresultatet til 1-5 for Dale.



Dette var ein flott kamp frå damene våre og ekstra deilig var det å slå rivalane frå den andre sida av fjorden på deira eiga heimebane. Ein solid lagsiger med ei utruleg jobbing i 90 minutt, toppa med mange flotte enkeltprestasjonar. Spesielt spelte Siri T. Noreide ein fantastisk kamp og vart kåra til Dales beste spelar av bortesupportarane denne kampen. Med eit slikt lag lovar det godt for dei neste kampane utover i sesongen.



For Dale spelte: Sandra Brattelid, Siri T. Noreide(eks. AHIL), Amalie Haugsbø, Malin Vik, Sandra Sørebø, Aina V. Heggøy(eks. AHIL), Vilde H. Løland(eks. AHIL), Isabel L. Iversen(eks. AHIL), Kine G. Tangedal(eks. AHIL), Ine Osland, Karina Hugøy, Lisa Lykkebø og Ingrid Hovland.