SURT TAP MOT BALESTRAND

Ein sørgeleg start øydela mykje for oss i søndagens kamp mot Balestrand. Sjølv om vi henta oss inn igjen i løpet av 1.omgang, gjer vi det vanskeleg for oss sjølv når vi startar kampen med to baklengs heilt i starten.I denne perioden hadde også Balestrand ei brend straffe, så kampen kunne vore avgjort tidleg. I staden henta vi oss mesterleg inn igjen og kunne gå til pause på stillinga 3-3.

Etter den oppløftande avslutninga av 1.omgang hadde vi stor tru på at dette skulle gå vegen. Utover i 2.omgang låg kampen lenge og vippa utan dei store sjansane til nokon av laga. Desverre for oss var det Balestrand som avgjorde til sin fordel med to dødballscoringar siste halvdel av omgangen.

Kampfakta, 4.divisjon

Balestrand – Dale 5-3 (3-3)
Kreklingen

Mål:
1-0  5 min.  Per Inge Belt
2-0  6 min.  Ole Petter Haugstvedt
2-1 30 min. Runar Aune (str)
3-1 35 min. Kristjan Ingi Nesse
3-2 39 min. Jan-Anders Tonning Wichstrøm
3-3 45 min. Runar Aune
4-3 68 min. Kristjan Ingi Nesse
5-3 86 min. sjølvmål

Ingen kort.

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang

Lagoppstilling:
Tommy Holm, Martin Tonning, Vegard Vesterås, Runar Aune, Kim Frode Solheim. Kristoffer Rogne, Henrik Kummeneje, Eirik Systaddal, Richard Skår, Jan-Anders T. Wichstrøm, Frank Vik

På benken:
Simen Stølen (for Richard i 56. min), Geir Loneland (for Vegard i 60. min), Stian Neset (for Henrik i 80. min), Sander Eikevik Dyrstad (for Jan-Anders i 87. min), Vegar Kjos