SURT TAP MOT EID

Det vart eit surt tap 3-2 for Eid i laurdagens kamp i Firdaligaen på Eid stadion. Vi hadde ei utlikning inne på slutten av kampen som vart svært tvilsamt annulert for offside.

1.omgang var jamnspela med eit par store sjansar til kvart lag, men for andre kamp på rad var det mållaust til pause.


Vi tok leiinga ved Erlend tidleg i 2.omgang, men ein kollaps med tre baklengs på 10 minutt vart skjebnesvanger i denne kampen.


Vi rista likevel av oss sjokket og reduserte kjapt ved Anders. Mot slutten av kampen scora vi nok ein gong, men desverre var assistentdommar Erikstad ivrig med flagget. Videoen frå kampen viser at denne avgjerda ser høgst tvilsam ut, men det er lite å gjere med no.


Dermed eit surt eitmålstap, men likevel ein ok prestasjon frå vår side reint spelemessig.


No ventar Sandane på Dingemoen kommande fredag. Dei stod for ein solid presentasjon då dei henta opp Stryn si 3-0 leiing og sikra seg poeng. Dette blir nok garantert ein jamn og spennande kamp som vi forhåpentlegvis vippar vår veg…


Kampfakta, Firdaligaen:


Eid – Dale 3-2 (0-0)


Eid stadion


Mål:


0-1 49 min. Erlend Osland


1-1 65 min. Øystein Aabrekk


2-1 70 min. Kim Vik


3-1 75 min. Kim Vik


3-2 78 min. Anders Furset


Gule kort: Christoffer Hafsås, Ole Andreas Solheim, Eid, og Kees Erstad, Martin Tonning, Dale


Dommar: Øystein Ytterland, Valder


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Idar Haugen Rochlenge, Erlend Osland, Eirik Svorstøl, Kees Erstad, Kristian Aase, Martin Tonning, Vegard Dyrstad, Frank Vik, Einar Furset


På benken:


Aloman Ioan, Anders Furset (for Vegard i 55. min), Alexander Myklebust (for Martin i 60. min), Magne Hillersøy (for Kristian i 82. min), Vebjørn Samuelsen