SURT TAP MOT HØYANG

Ei talentlaus scoring i mot heilt i starten vart avgjerande då A-laget tapte 1-0 for Høyang på Sletta fredag kveld. Å få scoring imot på vår eigen corner fortelle vel det meste om kvifor vi står utan siger så langt i sesongen.Nok ein gong opplevde vi at vi ikkje var "på" frå start av, og vi leverte ein trøsteslaus 1.omgang mot Høyang. No var ikkje Høyang så mange hakk betre, men vi kan likevel takke keeper Thuland for at ikkje dei auka leiinga ved eit par høve.

Etter pause endra kampen karakter. Då tok vi oss kraftig saman og styrte det meste av det som føregjekk, men desverre utan teljande resultat. Vi hadde fortent minst eit poeng i denne kampen, og det føltes noko fortvilande å gå poenglause av bana nok ein gong.
Vi savna nokon som kunne styre spelet vårt og merka godt at vi mangla både Eirik Systaddal (karantene) og Runar Aune (skade).

Sjølv om det ikkje vart eit minneverdig jubileum, er det likevel all grunn til å gratulere Kennet Vik som spelte sin kamp nr. 200 mot Høyang.

Kampfakta, 4.divisjon

Høyang – Dale 1-0 (1-0)
Sletta

Mål:
1-0 2 min. Vegard Lambrechts

Gult kort: Kennet Vik, Dale

Dommar:  Tor Henning Mardal, Fjøra

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Martin Tonning, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Christopher Skadal, Jonas Døving Nordal, Henrik Kummeneje, Simen Stølen, Fredrik Olsen Høie, Jan-Anders T. Wichstrøm, Kennet Vik

Innbyttarar:
Vegard Vesterås (for Fredrik i 46. min), Alexander Høie (for Simen i 69. min), Vegar Kjos (for Henrik i 88. min)