TAP MOT HØYANG I SISTE TEST FØR SERIESTART

A-laget tapte 2-0 for Høyang på Sletta fredag kveld. Dette var den siste testen før alvoret startar mot Balestrand på heimebane neste fredag. Stillinga ved pause var 1-0.Vi tok initiativet i kampen frå start, skapte eit par store sjansar og var det førande laget fram til midt i omgangen. Då scora Høyang på sin første sjanse i kampen. Deretter tok dei over hadde god kontroll resten av omgangen.

Etter pause var kampen jamnspela og kunne vippa begge vegar, men desverre for oss så avgjorde Høyang med 2-0 like før slutt.

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Alexander Myklebust, Vegar Kjos, Kim Frode Solheim, Martin Tonning, Eirik Systaddal,Jostein Vagstad, Einar Aase, Bendik Vik, Nickolai Macpherson, Asjab Muskadzjijev

Innbyttarar:
Norodd Myklebust, Kristian Aase, Ole Martin Gjøringbø