THOMAS KRISTIANSEN BEST I POSTVEGRITTET

Thomas Kristiansen vann suverent det første Postvegrittet Terreng som vart arrangert idag. Han sykla dei 45 km på den sterke tida 1.46.57. Han kom i mål vel 8 min føre Torbjørn Os og Kai Ytterhaug, også dei frå Førde CK. Kvinneklassa vart vunne av Maret Krannich frå Flekke på tida 2.18.25. Bilder frå rittet kan du sjå under flippen Sykkel og Posvegrittet 2010.

Dale Il Sykkel arrangerte Postvegrittet terreng for fyrste gong i år. Vi var svært spente på korleis dette ville verte motteke av deltakarane, og på bakgrunn av dei mange postivie tilbakemeldingane vi har fått er det grunn til å tru at dette kan verte eit årleg arrangement. På tross av at dagens ritt kolliderte med andre ritt og Skåla Opp, så stilte 25 ryttarar til start. Dette er vi tilfreds med, og vi har god tru på at fleire vil møte neste år, då truleg på ei anna helg.


Vi var heldige med veret idag, men det regnet vi fekk i går gjorde løypa litt blautare enn vi hadde håpa på. På tross av det vart vinnartida godt under to timar, noko dei færraste av oss hadde trudd på førehand. Faktisk hadde vi heile 5 ryttarar under 2 timar. Beste syklist frå Dale vart Terje Ulltang på tida 2.00.28, som er sterkt med tanke på at Terje ikkje hadde sykla løypa før. Satsar på at resten av syklistane frå Dale kjem sterkt tilbake neste år, kanske ein plass på pallen? For det er ingen tvil om at Førde CK idag viste kven som er «storebror» i Sunnfjord, då dei like godt tok alle dei tre fyrste plassane.


Vil ellers nemne at vi hadde rimeleg stort alders-spenn på deltakarane idag. Yngste mann var Øyvind Ramsdal frå Flora CK, berre 16 år gamal sykla han inn på sterke 2.07.56 som gav ein fin 8.plass. Eldstemann var Ingemar Nordstrand frå Hyllestad, 78 åringen med ei spesiell tilknytning til postvegen sykla løypa på 3.05.05. Dette står det stor respekt av. Ingemar har skrive bok om postvegen, han har i tillegg gjort ein stor jobb med restaurering samt at han har sykla heile strekninga mellom Trondheim og Bergen. Veldig kjekt at Ingemar deltok idag.


Vil til slutt takke alle som var med og arrangerte rittet idag. Med nokre små justeringar,så må ein seie at arrangementet fungerte optimalt. Og det er ikkje dårleg når ingen har gjort dette før. Eit par syklistar kjørte feil pga dårleg merking, dette tek vi til etteretning og gjer bedre neste gong. Ellers var det trasig at Johnny var uheldig å gjere skade på sin ATV i rittet, slikt er aldri kjekt. Ellers er tilbakmeldingane vi har fått generelt veldig bra. Takk og til Røde Kors som gjorde ein solid jobb. 


RESULTATLISTE


POSTVEGRITTET 2010


Laurdag 14. August.


MENN SENIOR


1. Thomas Kristiansen Førde CK 1.46.57


2. Torbjørn Os Førde CK 1.54.42


3. Kai Ytterhaug Førde CK 1.54.47


4. Dagmund Ramsdal Flora CK 1.56.26


5. Vidar Eide Eidsfossen Sykkel 1.58.19


6. Terje Ulltang Dale IL Sykkel 2.00.28


7. Stig S.Savland Tambarskjelvar 2.04.37


8. Øyvind Ramsdal Flora CK 2.07.56


9. Kjetil Felde Dale IL Sykkel 2.08.24


10. Harald Aam YIT BIL 2.08.48


11. Inge Jacob Nyland Dale IL Sykkel 2.10.45


12. Frode Hellebust Dale IL Sykkel 2.11.52


13. Bjørn Atle Haugsbakk Dale IL Sykkel 2.11.55


14. Rune Horgen Flora CK 2.12.01


15. Frederick Fee Flekke 2.19.44


16. Øivind Helle Dale IL Sykkel 2.20.43


17. Ståle Brattelid Dale IL Sykkel 2.21.21


18. Martin Øverås Dale IL Sykkel 2.39.18


19. Anders Soleim Førde CK 2.55.17


20. Ingemar Nordstrand Hyllestad 3.05.05


21. Jørn Kenneth Osland Førde CK 3.18.38


22. Per Terje Solheim Førde CK Brutt


KVINNER SENIOR


1. Maret Krannich Flekke 2.18.25


2. Camilla Elise Savland Tambarskjelvar 2.19.30


3. Randi Osland Naustdal 3.18.38