TOK FERIE MED SIGER OG 5.PLASS

Vi greidde på ingen måte å følgje opp den gode kampen mot Årdal, men tok likevel tre poeng då vi slo Jølster 2-0 på Dingemoen torsdag kveld.

Den ytre ramma kunne knapt vore betre med strålande vær og over 200 tilskodarar til stades. Kampen derimot stod på ingen måte i stil.


Sjølv om vi fekk ei tidleg scoring så møtte Jølster oss svært lågt, og når vi då sleit med både balltempo og presisjon vart det så som så med underhaldninga.


Kampen sett under eit vinn vi fortent. Sjølv om Jølster utover i 2.omgang prøver å flytte laget høgare så skapar dei ikkje så veldig mykje farleg utover ein gedigen dobbel-sjanse. Vi på vår side har eit par store muligheiter der vi burde ha punktert kampen.


Vi tek no ein velfortent ferie etter ein vårsesong som vi absolutt kan vere bekjent av. Pr no ligg vi på 5.plass på tabellen og har dermed eit godt utgangspunkt i kampen for å bli blant dei 6 beste som får plass i den nye 3.divisjonen.


Alt ligg til rette for ein spennande haust og vi skal trene godt i sommar for å vere best mulig førebudde til haustsesongen som startar med bortekamp mot Stryn fredag 6. august.


Dagens Dale-spelar:    Vegard Dyrstad


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Jølster 2-0 (1-0)


Dingemoen stadion


Mål:


1-0   4 min. Vegard Dyrstad


2. 0 63 min. Einar Furset (str)


Gule kort: Einar Furset, Dale og Ole Johan Skrede, Ole Martin Eide, Hallgeir Sandal, Jølster


Dommar: Rune Haugland, Haugen


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Anders Furset, Erlend Osland, Eirik Svorstøl, Kees Erstad, Eirik Systaddal, Martin Tonning, Kristian Aase, Einar Furset


På benken:


Aloman Ioan, Tor Ivar Aase Dale (for Kristian i 60. min), Alexander Myklebust (for Martin i 60. min), Tommy Holm (for Einar i 83. min), Idar Haugen Rochlenge (for Geir i 86. min), Frank Vik, Stian Neset