TREDJE STRAKE SIGER FOR A-LAGET

A-laget tok sin tredje strake siger då Høyang vart slått 3-1 på Dingemoen dagen før dagen. Publikum fekk sjå ein sjanserik og dramatisk kamp.

Utfrå spel og sjansar vann vi ein fortent siger, men samstundes var Høyang godt med på notane og kampen var spennande heilt til Martin Tonning sette spikaren i Høyang-kista like før slutt.


At 1.omgang enda mållaus var kort og godt utruleg. Det var store sjansar på begge sider av bana, men vi telde flest Dale-sjansar og burde difor ha leia til pause.


Vi fekk den starten på 2.omgang som vi hadde håpa på. Berre 4 minuttar var spelt då Erlend Osland stussa Kristian Aase sin perfekte corner rett i mål.


Deretter følgde ein periode utan dei store målsjansane før eit kvarter før sluttt. Først har Høyang ein kanonade mot Dale-målet der Knut reddar glimrande Agovic si avslutning. Rett etter var Einar våken og snappa opp eit tilbakespel og scorar sikkert åleine med keeper.


No reknar dei fleste med at kampen var avgjort, men Høyang reduserte og dermed ny spenning.


Sluttminutta vart hektiske. Høyang jaga utlikning, Vegard skaut i stolpen og Agovic såg raudt før Martin punkterte kampen med si første scoring i Dale-trøya like før slutt.


Dermed drog vi i land ein viktig siger og kunne feire 17. mai på fjerdeplass på tabellen.


Sjå fleire bilete frå kampen på www.fjaler.origo.no


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Høyang 3-1 (0-0)


Dingemoen stadion


260 tilskodarar


Mål:


1-0 49 min. Erlend Osland


2-0 75 min. Einar Furset


2-1 81 min. Robin Frichsen


3-1 89 min. Martin Tonning


Gule kort: Tor Ivar Aase Dale, Kees Erstad, Dale og Thomas Frichsen, Rune Førde, Høyang


Raudt kort:: Edin Agovic, Høyang (87. min)


Dommar: Asle Hammerseth, Tempo


Dagens Dale-spelar:    Kees Erstad


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Idar Haugen Rochlenge, Erlend Osland, Eirik Svorstøl, Kees Erstad, Kristian Aase, Eirik Systaddal, Martin Tonning, Einar Furset, Frank Vik


På benken:


Aloman Ioan, Vegard Dyrstad (for Eirik i 46. min), Tor Ivar Aase Dale (for Kristian i 66. min), Anders Furset (for Idar i 78. min), Alexander Myklebust (for Frank i 90. min), Kennet Vik, Jostein Vagstad, Tommy Holm, Jan Anders Tonning-Wichstrøm