UAVGJORT MOT SANDANE

A-laget sikra seg eit poeng mot Sandane i ein spennande og underhaldande kamp på Dingemoen søndag ettermiddag. 2-2 vart sluttresultatet etter at superinnbyttar Tommy Holm scora begge måla våre.

Det var dagen for både comeback og debut på Dingemoen på søndag.
Superveteran Idar Haugen Rochlenge var tilbake på laget, medan både Tommy Holm og Einar Aase igjen var å sjå på Dingemoen-graset  etter at begge to har vore ute av spel sidan i fjor med kneskadar. I tillegg debuterte Nicolai Macpherson etter overgangen frå Fram Larvik.

Utfrå spel og sjansar var uavgjort eit greit resultat. Samanlikna med det som vart prestert i vårsesongen var denne kampen ei stadfesting på det vi såg mot Veitastrond; nemleg at vi har heva oss mange hakk både spelemessig og ikkje minst når det gjeld innsats.
Vi har fått ein god start på haustsesongen med 4 poeng på to antatt vanskelege kampar.
No ventar tre uhyre viktige kampar mot Kaupanger, Høyang og Førde 2. Dersom vi held fram den gode trenden bør det vere utsikter til bra poengfangst i desse kampane, og dermed håp om fornya kontrakt i divisjonen.

Dagens Dale-spelar:  Tommy Holm

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Sandane 2-2 (1-1)
Dingemoen stadion
120 tilskodarar

Mål:
0-1 34.min Romeo Juty Johnny
1-1 50.min Tommy Holm
1-2 70.min Aaron Nyemah
2-2 78.min Tommy Holm

Ingen kort.

Dommar:  Per Oddvar Lien, Høyang

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Christopher Skadal, Martin Tonning, Eirik Systaddal, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Idar Haugen Rochlenge, Einar Aase, Simen Stølen, Nicolai Macpherson, Frank Vik

På benken:
Tommy Holm (for Simen i 46. min), Richard Skår (for Frank i 72. min), Geir Loneland (for Nicolai i 88. min), Sander Dyrstad, Vegard Vesterås, Vegar Kjos