Vellukka Jølster Rundt

I alt 17 syklistar frå Dale gjennomførte idag sykkelrittet Jølster Rundt med stil.11 av klubbens syklistar + 4 gjestemedlemer frå Hyllestad starta i lagpulja til Dale IL sykkel. Vi hadde sett oss eit mål om å gjennomføre på tida 2t20min, men det viste seg fort at dette vart for tøft å klare under dagens vertilhøve. Vi hadde merkeleg nok motvind heile vegen, og kom til slutt inn på tida 2t40min. Dette heldt desverre ikkje til noko topp plassering i lagkonkurransen, men all honnør til alle som deltok for ein fin tur der alle bidrog på ein fantastisk måte. Takk og til vår eminente kaptein Kjetil Felde for flott leiarskap gjennom heile turen, som vi heldigvis gjennomførte i år utan noko form for uhell.  Vil og framheve flott innsats frå alle nye som var med i år, og spesielt nemne Hege Vagstad (2t40min) og Maret Krannich (2t57min), nye syklistar i vår med flotte prestasjonar som det står respekt av. Takk og til Monica Johansen som stod overalt i løypa og tok bilder, samt familien Helle og Solheim som var heiagjeng ute i løypa, kjekt å oppleve eigenproduserte banner med "Heia Dale".