VIKTIG SIGER MOT HØYANG

Endeleg gjekk det vår veg og vi kunne innkassere eitmålssiger og tre viktige poeng mot Høyang. Vi var best lenge og leia komfortabelt 3-0, men på slutten holdt det på å gå gale. Med denne sigeren kom vi heilt opp i ryggen på Høyang og har no fleire lag bak oss og god kontakt opp til midten av tabellen.

Kampen mot Høyang var god frå vår side før pause og vi leia fortent 2-0 ved pause. Starten av 2.omgang før pause var også god og vi gjekk opp i 3-0. Deretter tok Høyang over, men dei skapte ikkje særleg mange sjansar før heilt på slutten. Då reduserte dei til gjengjeld to gonger, men heldigvis kom spurten deira for seint og vi sikra tre viktige poeng etter to sure tap i dei siste kampane. 

Dagens Dale-spelar:           Henrik Kummeneje

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Høyang 3-2 (2-0)
Dingemoen idrettspark
ca 100 tilskodarar

Mål:
1-0 11 min. Kennet Vik
2-0 29 min. Henrik Kummeneje
3-0 51 min. Jan-Anders T. Wichstrøm
3-1 84 min. Kristoffer Kalstad
3-2 92 min. Eirik Haukøy

Gule kort: Kennet Vik og Vegard Vesterås, Dale, Andrè Valsvik og Vegard Lambrechts, Høyang.

Dommar: Bjørn Egil Sunde, Førde

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Vegard Vesterås, Alexander Myklebust, Martin Tonning, Christopher Skadal, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Henrik Kummeneje, Nickolai Macpherson, Jan-Anders T. Wichstrøm, Kennet Vik

På benken:
Norodd Myklebust, Kristian Aase (for Henrik i 72. min), Asjab Muskadzjijev (for Einar i 81. min), Bendik Vik (for Nickolai i 92. min), Sander E. Dyrstad, Idar Haugen Rochlenge, Vegar Kjos