MEDLEMSVILKÅR
Rettar og plikter for medlemmer av treningsstudio i Fjalerhallen:
Dingemoen Idrettspark :
- Kan foreta tilgjenge- og dopingkontroll.
- Skal halde apparata og lokalet i best mogleg stand.
- Kan på kort varsel halde treningsstudioet stengt for kortare periodar, dersom spesielle driftshøve gjer det naudsynt.
- Fråskriv seg eitkvart ansvar for personleg skade, tap av eller skade på personleg utstyr, med mindre ein kan påvise aktløyse frå Dingemoen Idrettspark.
- Fastset dei reglar som gjeld for treningsstudioet.
Medlem:
- Er sjølv ansvarleg for å vere helsemessig skikka til å bruke treningsstudioet.
- Kan ikkje overdra sitt personlege medlemskap til ein annan person, eller på anna måte misbruke sitt personlege inngangskort. Ved brot på denne regelen blir;
- 1.gong: Varsel om misbruk.
- 2.gong: Medlemskapen oppheva og kortet annullert.
- Ein kan bli medlem og nytte treningsstudioet frå det år ein fyller 15 år.
- Plikter seg til å fylgje reglane som gjeld for treningsstudioet og rette seg etter rettleiing frå instruktør.
REGLAR FOR BRUK AV DINGEMOEN TRENINGSSTUDIO:
- Kun medlemmer med gyldig inngangskort har tilgang til treningsstudioet.
- Alle skal ha innføring ved instruktør ved første gangs bruk.
- Bruk kun innesko ved trening i treningsstudioet.
- Utøvarar frå idrettslag i Fjaler kommune mellom 12 – 15 år kan leige og bruke treningsstudioet i organiserte klassetimar/treningar under oppsyn av trenar/leiar.
- Treningsstudioet er ope heile døgnet ved bruk av personleg nøkkelkort.
- Misbruk av nøkkelkort medfører inndraging av kort og bortvisning frå treningsstudioet, samt tilleggsbetaling på kr.300,-.
- Sjå kalender på Dale IL sin heimeside (www.daleil.no) for oppsette faste treningstimer. Du kan gjerne trene parallelt med organiserte timar, men respekter at dei har fortrinnsrett.
- Vask utstyret med desinfeksjonsmiddel etter bruk.
- Alt utstyr skal ryddast på plass etter bruk.
- Ved feil på utstyr, før det i loggbok som ligger i vinduet
- Forlat treningsstudioet i slik stand som du ynskjer å finne det i når du kjem att neste gong